Corian topplate er samensett av akrylpolymer og aluminiumoksydtrihydrat, eit materiale avleda fra bauxittmalm.
Mål: Tykkelse 1,2cm, Dybde 46cm
Corian har ei porefri overflate som er enkel å vedlikehalde, og ser ut som ny i lang tid.
Den leveres i kvit, matt overflate. Corian er gjennomfarga, og kan slipast med vanleg slipepapir.
Våre Corian plater er tilpassa til bruk saman med EGIR, KARTELL eller EIR underlimt servant. Me kan ikkje garantere at plata ikkje vil sige ved bruk av andre typar toppservanter, til dømes i stein eller tyngre materiell. Corian kjem standard med hol for armatur, men du kan sjølvsagt få levert utan hol for til dømes vegghengt armatur.
OBS: 120cm og 160cm, legg inn kommentar om du ønsker venstre, høyre eller midtstilt servant.

Linn Bad - frå Vik i Sogn
Linn Bad - frå Vik i Sogn
Linn Bad AS er ei familiebedrift - 3. generasjon har akkurat teke over roret. I 45 år har me designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn.
For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt DNA. Me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt.
Linn Bad - kortreist, norsk kvalitet i 45 år.
Takk for at du vel norsk - det skal være trygt for deg og dine.
Kommentarer